Karrieredagen 2026 vart ein vellukka møteplass mellom skule og arbeidsliv på Florø Idrettssenter. Med heile 73 deltakande bedrifter og verksemder, hovudsakleg frå lokalt og regionalt næringsliv, fekk elevane eit unikt innblikk i dei mange moglegheitene som finst i nærområdet.
Gjennom stands, samtalar og bedriftspresentasjonar fekk elevane møte framtidige arbeidsgivarar, utforske ulike bransjar og sjå samanhengen mellom utdanning, yrkesval og lokale kompetansebehov. Karrieredagen synte verdien av tett samarbeid mellom skule og arbeidsliv, og bidrog til både inspirasjon og framtidstru for elevane.






