Legegruppa SMS har hatt eit svært utvida tilbod til elevar med sjukdom slik at dei har kunna fått dokumentert nær alt fråvær som er medisinsk betinga.
Dette har vore svært ressurskrevjande og vi kan ikkje lengre forsvare slik ressusbruk på ein populasjon der sjudommen oftast ikkje treng medisinsk behandling eller råd.
Dei aller fleste kontaktane er også betinga ut frå ynskjet om ikkje å få fråvær på sluttvitnemålet, meir enn det er grunna i at 10 prosent grensa er nådd. Såleis opplevde vi første halvår -23 at over 80 attestar ikkje har vorte henta etter elektronisk kontakt med lege.
Heretter har vi fylgjande tilbod:
1. Alle som er sjuke og treng medisinsk behandling får time hjå lege etter vanleg prioritet i
høve sjukdommen sitt alvor. Her vert attest laga ut frå behov, men attest er her ikkje det
primære.
2. Dei som har fått melding om at dei står i fare for å komme over 10 % grensa i eit eller fleire fag, får tilbod om medisinsk vurdering same dag, dersom dei denne dagen har det aktuelle faget på timeplanen. Eleven må dokumentere dette. Eleven må i desse høva kontakte Legegruppa på morgonen.
3. Sjuke elevar som er borte fra skulen og ynskjer attest, men som endå ikkje har fått melding om at 10% grensa er nådd vil ikkje få tilbod om medisinsk vurdering og kontakten vert heller ikkje journalført.
4. Elevar med kronisk sjukdom med fare for auka skulefråvær bestiller vanleg time hjå
fastlege for medisinske råd og avklaringar og evt relevant dokumentasjon til skulen.
For Legegruppa SMS AS
Jan Helge Dale
dagleg leiar