7. juli
Første inntak. Du får melding på SMS og du må logge inn i Vigo og svare på tilbod om skuleplass/ventlisteplass
13. juli
Svarfrist første inntak. Dersom du ikkje har førehandssvart ja og ikkje svarar ja til plass innan svarfristen, misser du plassen du har fått
21.juli
Andre inntak. Du får melding på SMS og du må logge inn i Vigo og svare på tilbod om skuleplass/ventlisteplass
27.juli
Svarfrist andre inntak. Dersom du ikkje har førehandssvart ja og ikkje svarar ja til plass innan svarfristen, misser du plassen du har fått
7. august
Tredje inntak. Du får melding på SMS og du må logge inn i Vigo for å sjå tilbodet. Svarfrist første skuledag.
Melding om kor tid du skal møte på skulen finn du på skulen si heimeside. Merk at enkelte skular kan ha seinare skulestart. Dersom du ikkje møter første skuledag og ikkje har avtalt fråvær med skulen, misser du plassen din.
Etter skulestart
Skulane tek over inntaket. Skulane tek kontakt med søkjarar frå ventelista dersom dei har ledige skuleplassar. Ventelista gjeld fram til 1. september. Du må sjølv ta kontakt med skulen dersom du ønskjer å stå på venteliste etter 1. september.
Liste over ledige skuleplassar vil bli lagt ut på Vestland fylkeskommune si heimeside etter skulestart.
Ordinære søkjarar med ungdomsrett som ikkje har søkt innan fristen 2. mars, vil få 5 minuspoeng. Dersom det er tungtvegande grunnar for at du søkjer etter frist må dette dokumenterast.
Søkjarar utan ungdomsrett kan ikkje sende inn søknad etter fristen.
Du kan ta kontakt med Inntak på telefon 51 20 71 17 eller e-post: inntak@vlfk.no for å få tilsendt søknadsskjema.
