Hopp til hovedinnhold

Velkommen til skuleåret 25-26

Vi gler oss til å sjå dykk alle!

Informasjon om skulestart:

Måndag 18.08.25:

- Elevar på VG1 Studiespesialisering, Idrettsfag og klasse 0AOA: Oppmøte i fellesområdet kl 08:45. Der vil rektor ønske velkommen, før ein følger med kontaktlærar til klassaromma. Ein avsluttar dagen kl. 13.45. Det blir utlån av bøker på tysdag etter plan på Teams, og ein kan leige bokskåp for kr. 100,- kontant for 1 års leige.

- Elevar på VG1 yrkesfag: Bygg- og anleggsteknikk, Helse- og oppvekstfag, Elektro og datateknologi, Teknologi- og industrifag får tilsendt sms frå kontaktlærar om oppmøtetidspunkt med individuell samtale. Føresett kan vere med om ønskeleg. Det blir utlån av bøker på tysdag etter plan på Teams, og ein kan leige bokskåp for kr. 100,- kontant for 1 års leige.

- Elevar på VG2: Oppmøte i fellesområdet kl 09:30. Der vil rektor ønske velkommen, før ein følger med kontaktlærar til klassaromma. Deretter er det utlån av bøker etter plan på Teams, og ein kan leige bokskåp for kr. 100,- kontant for 1 års leige. Ein avsluttar dagen kl 14:30.

- Elevar i VG3: Oppmøte i fellesområdet kl 10:30. Der vil rektor ønske velkommen, før ein følger kontaktlærar til klassaromma. Deretter er det utlån av bøker og ein kan få leige bokskåp for kr. 100,- kontant for 1 års leige. Ein avsluttar dagen kl 15:30.

Tysdag 19.08.24

Alle klasser har undervisning etter timeplanen.

VG1: Det blir utlån av lærebøker etter plan på Teams og ein kan leige bokskåp for kr. 100,- kontant for 1 års leige.

Vaksenopplæring:

Det er oppstart i veke 35, meir informasjon kjem

 

Diverse informasjon:

Lånekontrakt:

Alle elevar må kvart år signere lånekontrakt for å låne bøker. Når eleven er under 18 år, blir sigeringa også sendt føresett slik at føresett signerer.

 Bokkontrakta finn ein på nettsida til skulen, under Elevar og føresette: Praktisk informasjon.

 

Skuleskyss:

Husk å søke om / fornye skuleskyss for skuleåret 2025/2026

Elevar i vidaregåande skulen som bur meir enn seks kilometer frå skulen*, har rett til skuleskyss.. Når det er nødvendig, har elevar rett til gratis båttransport utan omsyn til reiselengda.

*) rekna utifrå gangbar veg.

Du søkjer på:

https://skuleskyss.vlfk.no

Du bør søkje snarast då det er litt sakshandsamingstid.

Dersom du har rett til skyss, og har søkt innan skulestart, skal du ikkje betale for skuleskyss til og frå skule dei første vekene. Ta kontakt i resepsjonen (evt via tlf 57637600) om du får problem med fri skyss.

Dei som vel mobilbillett når dei søkjer skyss får snarleg tilgang til billett (må ha SKYSS APP på mobilen) Vel du derimot skysskort tek det lenger tid då kort må produserast og sendast pr post).

Dersom du har mobilbillett/skysskort for vidaregåande skule frå før må du likevel søkje om skuleskyss gjeldande for dette skuleåret.

 

Elev-PC for skuleåret 2025/2026:

Alle elevar i vidaregåande skule må ha eigen PC. Du kan kjøpe ein rimeleg PC gjennom Vestland fylkeskommune. Følg lenka:

https://www.vestlandfylke.no/utdanning-og.../elev/elevpc/