Hopp til hovedinnhold

Draumeskulen

Elevmentorar

Flora vgs er ein del av Draumeskulen.

DRAUMESKULE: Dette er ein modell mange skular rundt i landet brukar for å jobbe systematisk med det psykososiale læringsmiljøet på skulen, ut i frå eit helsefremmande perspektiv. Målet med dette tiltaket er å styrke elevane si tilhøyring, medverknad og motivasjon. Med andre ord er Draumeskulen eit tiltak for å fremme tryggleik, fellesskap og glede ved å gå på skulen.
 
ELEVMENTORAR: Kjernen i modellen er elevmentorar. Alle VG1-klassar har 2 elevmentorar kvar. Mentorane består av elevar frå VG2/VG3, og dei bidrar til at elevane føler seg sett og ivaretatt. Dei tar blant anna i mot elevane når dei startar på skulen. Dei bidrar til samhold og gode relasjonar i klassen og dei er med på å lage aktivitetar og samlingar. Samlingane består av Draumeklassen 1 og 2. Kvart år har vi 25-30 elevar som er mentorar ved skulen
 
RESSURSGRUPPA: Ressursgruppa på skulen består av 2 representantar av mentorane, saman med Ingunn (avdelingsleiar), Siri (sosiolog), Nancy (miljøkoordinator), Espen (rådgjevar) og Tine (informasjonsmedarb./bibliotekar). Ressursgruppa har ansvar for opplæring, implementering og gjennomføring. Dei jobbar med årshjulet i Draumeskulen, dei planlegger og deltar på ulike aktivitetar gjennom skuleåret og støttar mentorane i arbeidet. Vi har mange aktivitetar og desse er implementert i Draumeskulen.
 
KONTAKTLÆRARAR: Kontaktlærarane i VG1 har ansvaret for å skape rom, tid og ein positiv innstillig til Draumeskulen. Dei deltar i Draumeklassen 1 og 2, og dei har ansvaret for oppfølging.
 
DRAUMEKLASSEN: Draumeklassen 1 er eit opplegg den første skuleveka i august. Ressursgruppa med mentorar og kontaktlærarar leiar samlinga, og gjennom den deltar elevane på ulike oppgåver og aktivitetar som gir dei reiskap for eit godt læringsmiljø og for at alle skal ha det bra i klassen. Draumeskulen 2 er eit opplegg som blir gjennomført i januar/februar. Her jobbar klassen vidare med klassemiljøet og set nye mål for klassen. 
 
Alle elevar fortener ein god skulestart og ein godt klassemiljø. Og med Draumeskulen har vi etablert rammer og reiskap som hjelper oss med nettopp dette! 
 

96584619_2744211855707239_3184599438303690752_n.jpg119193724_3075384295923325_5352245414910905311_n.jpg194595923_3811059509022463_6234123857559965512_n.jpg240814593_4050105921784486_3276011885775215581_n.jpg104018556_2820398908088533_6507426826541633607_n.jpg272967331_4582279971900409_4123063160816168747_n.jpg196106535_3811061439022270_4527212658372901565_n.jpg195495019_3811061162355631_8688666348327803044_n.jpgTineognancy.jpg195346534_3811061289022285_7000897782132443956_n.jpg