Stad: Flora vgs.
Foreldremøtet har to delar:
- ein fellesdel (30 minutt) i Auditorium 2 (i vestibylen)
- møte på klasserom med klassen sin kontaktlærar etter fellesmøtet
Tid fellesmøte:
Kl. 1730 - 1800: VG1 Yrkesfag
Kl. 1800 – 1830 : VG1 Studiespesialisering og idrettsfag
Kl. 1830 – 1900: VG2 både yrkesfag, studiespesialiserande og Idrettsfag
På fellesmøtet vil skulen m.a. gi informasjon om:
- Læringsmiljø og skulemiljø – rettar og pliktar
- Kontaktlærar som kontaktpunkt og tillitsperson
- Fråværsregel 10 %. Meldingsrutinar og dokumentasjon. Køyreopplæring. Oppbevaring av dokumentasjon. Søknad om fri.
- Konsekvensar av ikkje beståtte fag ved søknad til nytt skuleår
- Heimeside, SoMe
- Presentasjon av skulen sitt pedagogiske og sosialpedagogiske støtteapparat og skulehelsetenesta
- Skulebøker og erstatningsansvar ved manglande levering ved skuleslutt
- Russetid
På møtet med kontaktlærar vil ein m.a. få informasjon om:
- Timeplanar, terminar/skuleåret.
- Utstyr, fag og lærarar
- Samarbeid skule/heim
- Elles det ein måtte lure på!
Dersom føresette ikkje kan kome, kan de saman med kontaktlærar avtale eige møtetidspunkt.
Velkomen!
Knut Chr. Clausen
- rektor