Dagen byrja med dei ulike deltakarane vart henta med skulens minibuss opp til skulen. Der vart dei skrevet inn og fekk utdelt t-skjorter med NM-logo. Deltakarane var frå: Kragerø Vgs, Gauldal Vgs, Glemmen Vgs, Hadeland Vgs, Etterstad Vgs, Dahlske Vgs, Dokka Vgs og Flora Vgs.
Kl 9.30 var det opning i auditoriet ved leiar i Hovudutvalet for opplæring, Karianne Torvanger.
Det var to oppgåver elevane konkurrerte i. Sveising og Industrimekaniker. Sveiseoppgåva bestod av to plater med fuge, som skulle sveisast med rørtråd i vertikal stigande, samt to røyr som skulle sveisast med TIG. Industrimekanikeroppgåva gjekk ut på at elevane skulle lage ein aksling og brakett til eit lagerhus. Oppgåva innebar bruk av dreiebenk, søyleboremaskin, elektrodesveiseapparat samt montering på slutten. Dei fleste av skulane stilte med to elever, slik at dei hadde ein kandidat i kvar grein.
Elevane fekk ein gjennomgang og høve til å øve og gjere seg kjende med maskiner og utstyr i forkant av konkuransen. Før konkuransen starta var elevane trekt ut for kven som skulle bruke dei ulike maskinene, slik at alle stilte med same forutsetningar.
Under konkuransen var det tilskodarar til stades. Det var elevar frå andre klassar, lærere, elever frå ungdomskulen, Firdaposten og NRK. Dommarane var frå lokalt næringsliv. Det var tre dommarar i kvar grein.
På slutten av dagen var det premieutdeling med Bjørnar Valstad COE frå World skills, rektor Knut Christian Clausen og Karianne Torvanger.
Oskar Kjerpeseth frå Florø Vgs stakk av med førsteplassen i Industrimekanikerfaget. Andreplassen gjekk til Sander Lindstadhagen Bjerkås frå Hadeland Vgs. Tredjeplassen gjekk til Bendik Kornrud frå Kragerø Vgs.
Førsteplass i sveising gjekk til Lasse Smits frå Kragerø Vgs. Andreplassen gjekk til Eirik Høydal frå Glemmen Vgs. Tredjeplassen gjekk til Oliver Skotvoll Berdal frå Gauldal Vgs.
Øvrige deltakarer med delt fjerdeplass var:
Sveising
Elev: |
Skule: |
Marcus Davidsen |
Etterstad Vgs |
Peder Nordløkken |
Gauldal Vgs |
Even Karlsen Willumsen |
Glemmen Vgs |
Andreas Arnevig |
Dahlske Vgs |
|
|
|
|
|
|
Industrimekaniker
Elev: |
Skule: |
August Ommedal |
Florø Vgs |
Chrisander Halle |
Etterstad Vgs |
Erik Røstad Hansch |
Dokka Vgs |
|
|
Medvirkande til arrangemanget.
Ørjan Refvik, vert, primus motor og organisator
Linn Beathe Haarberg, vert og instruktør for elektrodesveis
Hans Jørgen Presterud, vert og instruktør for TIG og rørtråd
Erik Veum, vert, sjåfør og instruktør for dreiebenker
Erlend Baugstø-Brandsøy, vert, sjåfør og medhjelper
Ole Hartvik Hennøy (Avdelingsleder Florø Vgs yrkesfag)
Dommarane var:
Erlend Øren (WIS)
Ronny Osland (WIS)
Bjørn Øren (Brødrene AA)
Geir Tore Leversund (Brødrene AA)
Ronja Reiakvam (Cargill industri)
Kjetil Ullaland (Sunnfjord industri)