Hopp til hovedinnhold

Rådgjevar - entreprenørskapsutvikling og -opplæring - Malawi

Vestland illustrasjon.jpg

Søknadsfrist 30.10.23

Om stillinga

Flora Vidaregåande Skule samarbeider med Youth Code (tidlegare Nkhotakota Youth Organisation- NYO) om fleire entreprenørskapsprosjekt i Nkhotakota District i Malawi. Skulen har arbeid med desse prosjekta sidan 2012. Gjennom Norec (tidlegare Fredskorpset) får vi finansiert ei stilling som skal støtte utviklinga gjennom sin kompetanse. Målet vårt er å skape økonomisk bærekraft i prosjekta våre og betre levevilkåra og miljøet for innbyggarar i Nkhotakota . Vi er på god veg, men det nok av utfordringar å ta i frå. Frå februar 2024 treng vi ein driftige person som kan ta til i eit årsengasjement som del av NOREC sine utvekslingar.

Arbeidsoppgåver, rådgjevar entreprenørskap

  • opplæring i grunnleggande entreprenørskap ved YouthCode teknisk yrkesfagleg kompetansesenter.
  • samarbeide med andre tilsette for å følge opp og formidle lærlingar
  • legge til rette for etablering av partnerskap med næringsliv både lokalt og nasjonalt for å støtte arbeidet
  • være med å styrke den organisatoriske inntektsbringende verksemda inkludert yrkesfagleg avdeling.
  • hjelpe til med innsamling og ressursmobilisering av organisasjonen.
  • samarbeide med andre tilsette for å organisere Nkhotakota Annual Music Festival.
  • Tilrettelegge for deltaking for ungdom i aktiviteter som feiringer av den internasjonale ungdomsdagen, den internasjonale kvinnedagen og andre funksjoner som er avgjørende for arbeid for å auke ungdom si deltaking i samfunnet.
  • hjelpe til med å føre tilsyn med aktivitetene ved Nkhotakota kultursenter
  • bidra til å auke organisasjonens synlighet gjennom bruk av sosiale medieplattformer
  • utarbeide månadlege rapportar om aktiviteten. 
    Etter nærare avtale kan vi formidle kontakt med Youth Code for nærare spørsmål om stillinga.

Her finner du:

Lenke til annonse