Flora vgs. oppfordrar elev (og føresette) om å skaffe seg Digital Postkasse. I dagens samfunn er det meir og meir vanleg at ein har digital postkasse for at informasjon kan nå ein raskt og på ein miljøvennleg måte. Vi oppfordrar derfor sterkt om at du som elev (og føresette til elev under 18 år) les informasjonen under, og skaffar deg digital postkasse. Dette for å kunne motta viktig informasjon frå skulen raskt, og på ein trygg måte. Fagvarsler er en av de typer brev/informasjon som vil nå deg raskare dersom du har/skaffar deg digital postkasse.
 
Elevar på Flora vgs

Læring, inspirasjon og trivsel for alle.

Velkomen til oss! Flora vgs skal gjere sitt ytterste for å skape trivsel, mestring og gjennomføring for dei elevane skulen har til ei kvar tid. Vi trur at læring gir inspirasjon, noko som fører til auka trivsel hos elevane våre. Auka trivsel gir betre læring.
Elevmentorar i Draumeskulen

Draumeskulen

Flora vgs. er del av Draumeskulen. Målet med dette tiltaket er å styrke elevane si tilhøyring, medverknad og motivasjon. Kjernen i modellen er elevmentorar. Alle vg1-klassar får 2 elevmentorar kvar. Mentorane består av elevar frå vg2/vg3, og skal bidra til at elevane føler seg sett og ivaretatt.
 Rosa dag

Aktivitetar på Flora vgs

Dagleg er det ulike turneringar, konkurransar og spel i fellesarealet eller på sosiale medier. Miljøteamet og miljøkoordinator planlegg desse og får hjelp til å gjennomføre aktivitetane av elevar som sit i elevrådet og av elevar som er mentorar i Draumeskule-prosjektet.

Aktuelle saker

07.12.2022

Vikar språk og samfunnsfag

Søknadsfrist 11.12.22

14.11.2022

Leksehjelp i matematikk

Vi startar opp med leksehjelp kvar mandag i biblioteket kl. 18.00-19.30. Elevar frå alle ulike matematikkfag kan møte. Første økt er 14.11.22. Lærar er Kristine Njøs Slinde

Matematikk
04.11.2022

Forretningsutvikler - lokalt solenergiselskap i Malawi

Kontrakt på 100% stilling i 13 mnd, oppstart i Februar 2023. Søknadsfrist 17.11.22