Flora vidaregåande skule/Elev og føresett/Reglar og rutinar/Fråvær

Instruks for fråværsføring

Gjeld for faglærarar og kontaktlærarar ved Flora vidaregåande skule skuleåret 2016-2017.

§3-3 – 4 ledd i Forskrift til opplæringslova

”…… I vidaregåande skole skal eleven ikkje få halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter ved fråvær i meir enn 10 prosent av timane i faget. Eleven kan likevel få vurdering med karakter dersom det er dokumentert at fråvær i meir enn 10 prosent av timane i faget skyldast slike grunnar som er nemnde i § 3-47 femte ledd bokstav a til f og åttande ledd. Dersom årsaka til fråværet gjer det klart urimeleg at fråværsgrensa på 10 prosent skal gjelde, kan ein elev som har inntil 15 prosent udokumentert fråvær i eit fag, også få vurdering med karakter. Avgjerda ligg hos rektor. Læraren må i alle høve ha tilstrekkeleg grunnlag for å gi halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter, jf. tredje ledd.”

§3-47 – 5 ledd i Forskrift til opplæringslova

”…..
a)       helse- og velferdsgrunnar
b)       arbeid som tillitsvald
c)       politisk arbeid
d)       hjelpearbeid
e)       lovpålagt oppmøte
f)       representasjon i arrangement på nasjonalt og internasjonalt nivå.
”….

”…..Organisert studiearbeid og skoleadministrative gjeremål etter avtale med faglæraren eller rektor, skal ikkje reknast som fråvær….”

”…..Innanfor ramma av 10 skoledagar kan elevar som er medlemmer av andre trussamfunn enn Den norske kyrkja, krevje at inntil to dagar fråvær som er knytt opp mot ei religiøs høgtid, ikkje blir ført på vitnemålet eller på kompetansebeviset….”

Konsekvens

Elevar som har over 10% fråvær kan ikkje få karakter i eit fag. Faglærar har altså ikkje høve til å sette karakter i fag der eleven har over 10% fråvær. Er det dokumentert at fråvær skuldast grunnane i §3-47 a til f, er organisert studiearbeid, skoleadministrative gjeremål eller religiøs høytid, skal dette ikkje telje med ved utrekning av fråværsprosent. Skulearena har verktøy for å handtere dette.

Unntak og rektor sitt skjønn

I nokre særlege tilfelle kan rektor avgjere at elevar med 15% udokumentet fråvær kan få karakter.

Varsling

1. Eleven skal varslast straks eleven står i fare for å få udokumentert og ugyldig fråvær på:

  • 10% av planlagde (læreplanen) timar i faget i 1.termin
  • 10% av planlagde (læreplanen) årstimar i faget

2. Eleven skal og varslast straks det er klart at det er fare for at eleven ikkje vil få karakter i faget av andre grunnar enn fråvær. Dette gjeld både i 1. og 2. termin.

Ansvars- og oppgåvefordeling:

Eleven:

  • Eleven plikter å møte til opplæringa og å delta aktivt.
  • Eleven plikter å melde frå med fråvær
  • Eleven plikter å vise dokumentasjon på studiearbeid eller skuleadministrative gjeremål til faglærar, samt levere denne til kontaktlærar
  • Eleven plikter å levere dokumentasjon ved fråvær etter §3-47 a til f til kontaktlærar og informere faglærar om at dokumentasjon er levert.

Føresette:

  • Føresette til elevar under 18 år plikter å bidra til at eleven møter på skulen og elles gir melding til skulen ved fråvær.
  • For elevar med kronisk sjuk, plikter føresette til elevar under 18 å bidra med eigenmelding for eleven ved slik sjukdom.

Faglærar/kontaktlærar skal merkje fråvær slik (knappar i Skolearena):

”Knapp”

Tekst som skal ”skrivast i tekstfeltet”

Teljande på 10%-regelen

10-dagasregel

HER SKRIV BERRE REKTOR

Nei

Dokumentert helse/velferd anna etter §3-47 a til f

§3-47

og aktuell bokstav a til f.

Nei

Studiearbeid etter avtale med faglærar eller rektor

Kva? Avtalt med?

Nei

Ukjent-/udokumentert årsak

 

Ja

Administrative gjeremål (elevråd o.l) etter avtale med skolen/rektor

Kva? Avtalt med?

Nei

Faglærar:

  • Faglærar fører fråvær i sine fag fortløpande og utan opphald. Vikar fører for faglærar utan opphald.

Eventuell dokumentasjon som faglærar mottek skal leverast kontaktlærar straks då denne kan gjelde fleire fag.

  • Faglærar har ansvar for å varsle elevar i Skolearena ved fare for at det ikkje vert sett karakter. Utskrift av varsel skal leverast kontoret for skanning til elevmappe, samt utsending som papir til elev/føresette.
  • Faglærar har ansvar for å saksførebu vedtak om at det ikkje vert sett halvårs- eller årskarakter. Faglærar skal nytte eige skjema slik at rektor kan signere vedtak og sende vedtak frå skulen.
  • Faglærar har ansvar for å gi elevar som ikkje får termin- eller årskarakter vurdering på prøver og ved annan undervegsvurdering.

Kontaktlærar:

  • Kontaktlærar har ansvar for å fortløpande ta i mot og handsame dokumentasjon på fråvær slik at det vert samsvar mellom dokumentasjonen og det fråværet som er ført i Skolearena for eleven.
  • Kontaktlærar har ansvar for å levere ferdig handsama dokumentasjon på fråvær til kontoret for arkivering.

Rektor:

  • Ansvar å treffe vedtak på eige skjema om at det ikkje vert gjeve karakter

Kontoret:

  • Ta i mot og oppbevare dokumentasjon,
  • Skanne/sende ut brev med vedtak om å ikkje gi vurdering, føre karakter IV i SATS.
  • Sende kopi av vedtak til adm. for oppfølging av eleven.

Ytterlegare presiseringar

Krav om at inntil 10 dagar fråvær ikkje vert ført på vitnemålet

Dette vert handsama som vanleg via eige skjema frå elev og kontaktlærar med ferdigstilling frå rektor. Dette har ikkje noko med fråværsprosenten på 10% å gjere. T.d. kan sjukdomsfråvær trekkast frå først frå 4 dag, og ein kan ikkje slette timar, berre heile dagar.

Nærare om årsakar til og dokumentasjon av fråvær ved 10%-regelen:

Er du usikker – spør rektor.

A, Helse og velferd.

Helse er både fysisk og psykisk og gjev fråtrekk i fråvær i 10%-regelen frå første dag, enten eleven er kronikar eller ikkje. t.d. Helsesøster, Lege, tannlege, kjeveortopedi, BUP, psykolog, PPT osb. fell innanfor,.

Velferd er t.d. omsorgssorgoppgåver for eigne barn, gravferder osb.

Dokumentasjon: Legeerklæring eller tilsvarande. Erklæring for sjukdomsperiode eller behandlingstidspunkt. Ein gong for kronikararar deretter føresette signatur eller eigenmelding for elevar over 18.

B, Arbeid som tillitsvald

Verv som tillitsvald i lag og organisasjonar kan etter vurdering frå rektor vere innanfor.

Dokumentasjon: Frå leddet over i organisasjonen

C, Politisk arbeid

Dokumentasjon: Frå leddet over i organisasjonen

D, Hjelpearbeid

Aksjonar og organisert øving.

Dokumentasjon: Frå leddet over i organisasjonen

E, Lovpålagt oppmøte

Rettssakar, sesjon og andre innkallingar frå offentlege instansar.

Dokumentasjon: Kopi av innkalling

F, Representasjon på nasjonalt og internasjonalt nivå

Dokumentasjon: Kopi av uttaksbrev og liknande.

Planlagt studiearbeid og skuleadministrative oppgåver

Dette er ikkje fråvær etter Opplæringslova m/forskrift. MEN i Skulearena skal dette førast som fråvær som ikkje telje på vitnemål eller på 10%-regelen.

Dokumentasjon: Melding frå skuleadministrasjonen, eller faglærar.

Forholdet mellom forseintkoming og fråvær.

Forseintkomingar påverkar ordenskarakteren. Forseintkoming er at eleven kjem etter at undervisninga har starta. Forseintkoming fører til minuttfråvær som er med i utrekninga av fråværet i faget.

NB! Dette tyder at vi ikkje kan føre fråvær for heile timen om eleven kjem for seint.

Fråvær og fråværsføring ved forseintkoming

Eleven føres med minuttfråvær for det tal minuttar eleven kjem etter at opplæringa er starta.

Nærare om utrekning av fråværsprosentar og bruk av rapportar i Skolearena

Faglærar har ansvar for å fortløpande har oversyn over eleven sitt fråvær både for varsling og for vedtak. Tabellen nedafor syner 10% både i forhold til 1. termin og til årstimane.

Skolearena har eigne rapportar for desse utrekningane som faglærar kan nytte. Oppskrift for bruk av desse ligg i Fronter.

Elevane sin fråværsprosent:

Års- timar 60 min. Lære-plan

Årstimar
45 min
eining

Snitt
veketimar
45 min
eining

Totalt timar
i 1.termin
45 min

eining

Fråværs-grensa

for 1.termin

er nådd etter 

tal 45 min eining:

Fråværs-grense

1 termin i klokketimar.

SKULE-ARENA

Fråværs-grensa for

standpunkt-karakter/

årskarakter  er nådd

etter tal 45 min eining:

Fråværs-grense

årstimar i

klokketimar.

SKULE-ARENA

   

« x timars fag »

 

10 %

10%

10 %

10%

56

75

2

37

4

2,8

8

5,6

84

112

3

56

6

4,2

11

8,4

113

151

4

75

8

5,65

15

11,3

140

187

5

93

9

7

19

14

168

224

6

112

11

8,4

22

16,8

197

263

7

131

13

9,85

26

19,7

253

337

9

169

17

12,65

34

25,3

337

449

12

225

22

16,85

45

33,7

 

Som faglærar skal du varsle elevane når det er ”fare for” at dei ikkje vil få halvårsvurdering i fag.

Dette betyr at du hyppig må vurdere kor nær 10% grensa eleven er, slik at et varsel reelt sett gjev eleven høve til å betre oppmøte eller skaffe seg dokumentasjon.

Det er ein svært alvorleg konsekvens å ikkje få årskarakter. Difor må dette følgjast særs tett opp av lærar. Ulik praksis mellom lærarar vil føre til forskjellsbehandling mellom elevar, der nokre elevar kan miste retten til vurdering med karakter, medan andre med like mykje fakstisk fråvær, kan få vurdering med karakter.