Flora vidaregåande skule
elevar frå yrkesskulen Flora vgs har støtta i Malawi sidan 2011

Foto: Trygve Mongstad

Elevprosjekt får millionstøtte frå Norad

Flora vgs er ein av fem utvalte prosjekt som får støtte via Norad. No skal 460 elevar få støtte til utdanning i yrkesfag og entreprenørskap samt hjelp til å komme seg i arbeid.

Flora vgs og NYO søkte i haust på Norad / SIU sitt program «Building skills for jobs». Målet med utlysinga var å gje ungdom ferdigheiter som kan skape jobbar i utviklingsland. Denne veka fekk skulen melding om at vi var eit av fem utvalte prosjekt som får støtte.

SIU, som handterer søknadane for Norad fekk til saman inn nær 50 søknadar om til saman 580 millionar kroner. At vi vart plukka ut er eit resultat av eit ti-årig samarbeid kor elevar ved Flora vgs har samla inn pengar til prosjekt i Malawi. Gjennom samarbeidspartneren vår, Nkhotakota Youth Organisation har vi etablert ein yrkesskule, eit solenergiselskap og eit kultursenter for ungdom. Sidan 2012 har vi også hatt støtte frå norske Fredskorpsdeltakarar.

I prosjektet har vi skissert ein plan for å utdanne 460 elevar dei neste fem åra innan ulike yrkesfag kombinert med entreprenørskap. Vidare skal vi gjennom eit karrieresenter sørge for at mange av desse enten kjem i jobb, eller får rettleiing til å komme i gang med eiga verksemd. Vi har berekna prosjektet til å ha ein verdi på kring 6,5 millionar kroner. Prosjektet er linka opp mot dei måla skulen si satsing, så vel som det vi jobbar med gjennom Fredskorpset.

Dette er kjekt for oss, partner organisasjonen vår Nkhotakota Youth Organisation og for ungdom i Malawi. Flora vgs skal ha prosjektleiinga og kjem til å involvere elevar og tilsette i styringa.

 

Tips ein ven Skriv ut